Tilsette i Nesfossen Smolt AS

Nesfossen Smolt AS har ti fast tilsette med lang erfaring innan fiskeoppdrett og smoltproduksjon spesielt.

Våre tilsette har høg kompetanse, der nokon har fagbrev i akvakulturfaget og alle driftsoperatørane har gjennomført kurs i blant anna fiskevelferd og rømmingssikring.

I tillegg til det faste personalet, har me flinke vaksinatørar som arbeider etter behov i sesongane med vaksinering. 

Kontaktpersonar:

Ronald Marøy

Dagleg leiar
Mobil: 48 19 64 80
E-post: ronald@nesfossen.no

Ronald Marøy er dagleg leiar i Nesfossen Smolt AS og har lang erfaring som dagleg leiar i fiskeoppdrettsbransjen. Han kjenner heile denne næringa godt. Ronald var dagleg leiar i oppdrettsselskapet Marøy Salmon AS i perioden frå 1987 til 2010. Har fagbrev i akvakultur.

Øyvind Holsen

Senior
Mobil: 48 06 03 77
E-post: oyvind@nesfossen.no

Øyvind Holsen er no senior i Nesfossen Smolt AS. Øyvind er grunnleggaren av selskapet og var pådrivar i oppbygginga av anlegget på Nesfossen frå 1985 (den gong Lindås Fiskeoppdrett AS). Øyvind var i mange år styreleiar og dagleg leiar i selskapet. Seinare arbeidde han som dagleg leiar ved Salar Smolt AS i perioden frå 1999 til 2008, før han kom tilbake til Nesfossen. Gjennom fleire tiår har Øyvind opparbeidd seg eit stort kontaktnett og kjenner svært mange i næringa.

Jan Rune Hosøy

Driftsleiar
Mobil: 48 24 22 51

E-post: janrune@nesfossen.no

Jan Rune Hosøy er no driftsleiar i Nesfossen Smolt AS. Han har elles i mange år hatt eit spesielt ansvar for klekkeriet vårt og produksjonen i startfòringsavdelinga. Jan Rune var med frå starten i 1985 på bygginga og utviklinga av anlegget, og har jobba samanhengande i selskapet heilt frå den tida. I nokre år fram til 2010 var Jan Rune også dagleg leiar på Nesfossen.

Frode Sandvik

Kvalitetssjef
Mobil: 47 65 86 37
E-post: frode@nesfossen.no

Frode Sandvik har sidan 2016 vore kvalitetssjef ved Nesfossen Smolt AS. Han har ansvar for blant anna HMS med oppfølging og vidareutvikling av selskapet sitt internkontroll- og kvalitetssystem. Også vaksinering og reinsing av vatn. Frode har arbeidserfaring frå fleire ulike bransjar – også som sjølvstendig næringsdrivande, men jobba sist som arbeidsformann på to matfiskanlegg hjå Blom Fiskeoppdrett AS med produksjon av laks og aure.