Om oss

Nesfossen Smolt AS vart etablert i 1985, og fekk konsesjon for settefiskproduksjon i 1986. Selskapet har dermed mange år med erfaring som settefiskprodusent av laks og aure, og er sertifisert etter den viktige internasjonale kvalitetsstandarden Global G.A.P.

Nesfossen Smolt AS produserer årleg ca. 3-4 millionar lakseyngel og -smolt. Anlegget har god tilgang på vatn av god kvalitet. Storavatnet er hovudvasskjelda vår og samla nedslagsfelt til vassdraget er om lag 15 km2.

Anlegget vårt har eige klekkeri og startfòringsavdeling inne og 40 kar i påvekstavdelinga ute.

Verksemda ligg fint til ved Lurefjorden i Nordhordland

Køyretid med bil frå Bergen sentrum er ca. 40 minutt og frå Bergen Lufthavn Flesland om lag ein time. Berre eit kvarter i bil frå Knarvik.

Med båt er det lett å kome inn sjøvegen og legge til ved kaien vår. Settefiskanlegget ligg nært Storavatnet og resten av vassdraget.