MILJØ OG BEREKRAFT

Omsynet til miljø og berekraft er viktig

Nesfossen Smolt AS jaktar stadig på forbetringar og nye moglegheiter som kan bidra til minst mogleg negativ påverknad av natur og miljø, og mest mogleg berekraftig drift. Me ønsker å gjere det me kan for ei berekraftig utvikling av matproduksjonen også vidare framover ved å produsere sunn og god sjømat i pakt med naturen. Alle forholda ligg godt til rette for smoltproduksjon her som anlegget vårt ligg, langs kysten på Vestlandet mellom fjord og ferskvatn.

Settefiskproduksjonen vår går føre seg i eit gjennomstrøymingsanlegg. Før vatnet vert sleppt ut i resipienten, går det gjennom ein reinsestasjon og vert der reinsa for ein stor del av stoffa som potensielt kan påverke miljøet i fjorden. Slammet, som vert samla opp i reinsestasjonen, inneheld mange næringsstoff, og dette vert henta av lokale bønder og nytta som gjødselsressurs i landbruket her omkring.

Anlegget er forsynt med elektrisk straum frå fornybare energikjelder i Noreg.

Som medeigar i nettverksorganisasjonen Salmon Group, bidrar me til at det vert utvikla og brukt fòr med berekraftige ingrediensar.

Kundane våre og forbrukarmarknadane i verda etterspør kvalitetssikring og vektlegg ofte omsynet til miljø og berekraft i matproduksjonen. Nesfossen Smolt vert kvart år revidert etter dei strenge krava i standarden Global G.A.P. som skal følge produktet og gje full sporing gjennom heile produksjonstida og ut i marknaden. Nokon gongar kjem ASC-sertifiseringskrav i tillegg. Dette uavhengige miljømerket skal garantere at produktet kjem frå ansvarleg havbruk. At sjømaten er produsert på oppdrettsanlegg som har minimert påverknaden på miljøet og samfunnet.