Historia om Nesfossen

Eigedomen Nesfossen har ei spennande fortid. Som så mange andre stader med stabilt vassfall blei det også her bygd ei bygdesag for saging av tømmer, og staden har blitt brukt til dette gjennom lang tid.

Tidleg på 1860-talet blei det ny giv på Nesfossen. Ein ung ingeniør frå Tyskland kom til Bergen og gifta seg med ei jente frå denne byen. Hennar familie var velståande, og med pengar derifrå – saman med ingeniør Enstedt sine kunnskapar, blei Nesfossen-eigedomen kjøpt og på den bygd ei mølle.

Nesfossen Mølle hadde sine eigne lekterar som frakta korn og mjøl til og frå Bergen heilt fram til rundt 1910. Omtrent 25 personar hadde denne mølla som sin arbeidsplass.

Etter mølletida og fram til det blei bygd settefiskanlegg frå 1985 har det blitt drive mykje ulik aktivitet på staden. Blant anna blei det drive med hogging av gamle kvalfangstbåter, og koking og maling av kvalbein som det blei laga beinmjøl av.

Det har òg blitt drive skraphandel på Nesfossen.


Ein kan finne meir informasjon om historia til plassen Nesfossen i lokale historiebøker.

Frå 1985 vart det altså bygd eit settefiskanlegg på staden. Dette fekk den gongen namnet Lindås Fiskeoppdrett AS. Produksjon av settefisk (laks og aure) kom raskt i gang. Konsesjonen var den første tida på 500 000 stykk settefisk per år, men har seinare blitt utvida fleire gongar.

Framleis kan ein finne varige spor frå gamle dagar på Nesfossen. Denne elva/fossen har vore viktig gjennom mange generasjonar.