Fiskehelse og FISKEvelferd

Frisk fisk som trivst og har det bra

Fiskehelse og fiskevelferd er viktig og høgt prioritert på Nesfossen, og våre flinke tilsette med lang erfaring og mykje kunnskap bidrar til dette. Fisken har god helsestatus, og vår veterinær kjem regelmessig til Nesfossen for å følge opp fiskehelse og fiskevelferd.

Me jobbar kontinuerleg med å sikre eit godt vassmiljø i alle kara og optimal fòring. Elles har me òg fokus på å behandle fisken så skånsamt som mogleg ved all handtering. Fiskar som har avvik vert tatt ut av produksjonen så snart som mogleg.

Anlegget ligg langt inne i Lurefjorden som er fri for andre fiskeoppdrettsanlegg. Sjøvatn vert ikkje nytta i produksjonen vår, og ferskvasskjelda er sikker – utan oppgang av anadrom fisk.